Våre litteraturarrangement - ei oppleving for sansane!

Denne våren satsar me på å vidareutvikla det gode samarbeidet me starta med Årdal Bibliotek i fjor haust, og kan difor by på fleire spennande arrangement framover. Arrangementa skal vera ei oppleving for alle sansane, så me tilbyr eigen meny til kvart arrangement:

Frukost & Lesestund kvar månad

IMG_4633.JPG

Den første laurdagen kvar månad inviterer me til frukost & lesestund i kafèen. Første lesestund på programmet no er 3. februar, og Elin frå biblioteket kjem for å lesa for borna. Frukosten står klar frå kl 09.00, og lesestunda startar ca kl 10.00. Vel møtt til ei skikkeleg kosestund hjå oss.


Bok & Mat 13. februar

blodhemn.jpg

Eit resultat av samarbeidet med biblioteket, er at me får spennande forfattarar på besøk. Først ut er krimforfattaren Rune Timberlid, som kjem til oss for snakka om den siste boka i serien om politibetjenten Rolf Randen. Boka heiter "Blodhemn", og handlinga er sett til Sogn og Fjordane - slik mange av bøkene til Timberlid er. Forfattaren kjem til å ta føre seg denne boka spesielt, og forfattarskapen sin generelt.

Meny denne kvelden: Tapas, kr 200,- per person.

NB! Førehandsbestilling dersom du ønskjer mat. 

Dato: 13. februar 2018

Tid: kl 19.00-21.00


tbertheau_omslaget_web.jpg

KVINNEDAGEN 8. mars:

Fjellkvinner - då og no

På kvinnedagen 2018 rettar me i år søkelyset mot fjellkvinnene. Anne-Mette Vibe og Sigri Sandberg tek turen til Tya bakeri | Kafè, for å samtala om  klatraren og pioneren Therese Bertheau. I tillegg vil Sigri Sandberg presentera portrettboka "Polarheltinner".

Anne-Mette Vibe gav i 2016 ut boka ”Tindestigerske og lærerinde” Therese Bertheau (1831 – 1936). Bertheau er for mange kjend som den første kvinna som nådde toppen av Store Skagastølstind, og ho var ein pioner som fjellklatrar og fjellvandrar i Norge. Å lesa om Bertheau er ei spennande reise i kultur- og kvinnehistorie. Det var nok ikkje berre enkelt å klatra med lange, subbande skjørt og med ein liten hatt på hovudet.

sandberg.jpg

Sigri Sandberg har skrive mange bøker med fjell og natur som tema - mellom anna har ho skrive fleire bøker saman med Cecilie Skog, i tillegg til bøker om klima, om det å vera på tur, om folk og fjell i Jotunheimen og mange fleire. Boka me får høyra litt meir om denne dagen er portrettboka "Polarheltinner". Denne boka handler om røffe kvinnfolk i polare strøk. Sandberg portretterer sju kvinner frå fangstliv, ekspedisjonar og forskning dei siste hundre åra. Boka fortel om ein dramatisk åleinefødsel i ei fangsthytte, orkanar, polpunkt, isbjørn- og sponsorjakt.  Polarheltinnene forlet det trygge, og har sett spor etter seg, både i nådelaus natur, polarhistoria og i mange mannehjarte. 

Meny denne kvelden:

Tya Bakeri sin VÅRSALAT, servert med Tya Brød, kr 100,- per person. NB! Førehandspåmelding. 

Inngang til forfattarmøtet: kr 100,- per person

For både mat og forfattarmøte: kr 200,- per person

DATO: 8. mars 2018

TID: kl 19.00-21.00


Karl Seglem Jazz & PoesiSalong med bokslepp 3. mai

 FOTO: Morten Lindborg

FOTO: Morten Lindborg

Vår eigen Karl Seglem lanserer si tredje diktsamling denne våren - med Skald Forlag på Leikanger som utgjevar. Diktsamlinga har fått tittelen "Kvervl". Dei to føregåande diktbøkene heiter "Stilla er ein åker" (Samlaget 2006) og  "Kvit frekvens, stille spor" (Skald 2013). Seglem er for dei fleste kjend som komponist og utøvande musikar, men ikkje alle er klar over at han har skrive fleire diktsamlingar til strålande kritikkar. Og torsdag 3. mai kl 19.00 kjem han altså til Tya Bakeri | Kafè for å sleppa den nye boka!

Med seg har han Lars Jakob Rudjord på tangent/electronica, og saman med Seglem kjem han til å skapa lydatmosfærar rundt poesien til Seglem - noko som kjem til å utgjera ein konsert med opplesing på omlag 30 minutt.  

Deretter kjem Seglem til å samtala med Torunn Todal Laberg om poesi og musikk, om det å skriva og det å spela, om å koma frå Årdalstangen, og om natur og kultur knytt til Årdal som har hatt ei spesiell tyding for Seglem som utøvande kunstnar. 

Meny denne kvelden:

Tya sine velsmakande kanapeer med sprudlevatn til, kr 100,- per person

DATO: 3. mai 2018

TID: kl 19.00-21.00


Torunn Todal