Takk for støtta til TV-aksjonen 2018

TV-aksjonen NRK 2018 gjekk til Kirkens Bymisjons arbeid for å skapa eit varmare og meir inkluderande samfunn. Les meir om Kirkens Bymisjon her.

Tya Bakeri | Kafè deltok i Restaurantaksjonen 18. oktober med eit tilbod på solskinnsbollar, og selde heile 344 bollar denne dagen! 20 kr per selde bolle gjekk til Kirkens Bymisjon, noko som tilsvara kr 6880,- til dette viktige arbeidet. Tusen takk til alle verksemder og enkeltpersonar som handla hjå oss denne dagen!

Torunn Todal