Vil du bli vår nye daglege leiar?

IMG_3867.JPG

Dagleg leiar for bakeri, kafè og bar

Drøymer du om å jobba med lokalmat og vertskap i ei vakker fjordbygd med Jotunheimen Nasjonalpark som næraste nabo? Naturopplevingane står i kø utanfor døra, og bygda byr på eit variert kultur- og idrettstilbod. Tya Bakeri | Kafè og Tya Bar i sentrum av Øvre Årdal søkjer ein leiar som kan utvikla konseptet vidare. Tya Bakeri er eit handverksbakeri med eige utsal og bar i tilknyting til det lokale bryggeriet i bygda, som i tillegg driftar kafè- og bakeriutsal i handlesenteret Årdalsenteret. Begge stadene yter service både til turistar og lokalmarknaden. Stillinga som dagleg leiar gjev høve for utviklingsarbeid og nyskaping for den rette personen.

Relevant erfaring/kompetanse:

-          Kokk/bakar med fagbrev eller relevant erfaring/kompetanse

-          Gjerne erfaring frå liknande leiarstilling innan servering, reiseliv og storhushald

-          Bør meistra norsk språkleg og skriftleg

-          Gjerne erfaring frå arrangement og prosjektleiing

Personlege eigenskapar:

-          Du er fleksibel, kvalitetsbevisst og har godt humør

-          Du jobbar godt, nøyaktig og effektivt

-          Du samarbeider godt i team med andre, men jobben krev også at du kan ta ansvar sjølv og jobba sjølvstendig

-          Du klarar å motivera dine medarbeidarar og yta god service til gjestene

Me kan tilby:

-          Spennande deltaking i Tya Bakeri | Kafè og Tya Bar si verksemd vidare

-          Løn etter avtale

-          Opplæring

-          Deltaking i eit energisk og ambisiøst arbeidsmiljø

-          Naturopplevingar i verdsklasse i ei bygd med sterkt samhald

Tya Bakeri er eit handverksbakeri med eige utsal i Årdal kommune: www.tyabakeri.no

Informasjon om Tya Bar finn du her: www.tyabar.no

For informasjon om aktivitetar i Årdal: www.vettisriket.no

 

Er du personen me ser etter så send søknad tilerling@klingenberghotel.no

Torunn Todal