Staysman & Lazz i Årdal kulturhus

Tya Bakeri | Kafè har gleda av å invitera til konsert med Staysman & Lazz i Årdal kulturhus 6. april. Her blir det hæla i taket og høg partyfaktor!

Tya Kafè og Tya Bar opnar frå kl 19:00, og det blir sal av pizza i kafèen. Oppvarming med DJ frå kl 21:00.

Førsal av billettar hjå Tya Kafè og Tya Bar frå torsdag 14. mars.
Early bird-pris: kr 390,-
Billett i døra: kr 450,-
18-årsgrense, leg.plikt

I tillegg kan ein kjøpa billettar på nett: https://tyakafe.hoopla.no/sales

Om Staysman & Lazz:
Staysmann & Lazz var i 2015 mellom dei aller mest streama artistane –saman med store namn som DJ Broiler, Nico & Vinz og Adelén. Singlane «Kaptein Morgan», «Frk Moet», «Brun og Blid» og «Se så Glad Nissen er», har alle fleire millionar streams. Sistnemnde blei streama over 3 millionar gangar berre i desember, og var heilt oppe på 6. plass på VG-lista.

Duoen frå Fredrikstad slapp sitt første album våren 2014: «Helt sykt store hits». Staysmann & Lazz, med Stian Thorbjørnsen i spissen, spelar utselde konsertar i alle krikar og krokar av landet. Seinast hausten 2015 fylte dei Rockefeller saman med Katastrofe, og publikum blir servert eit sceneshow utan saman likning når denne gjengen inviterer til fest.Våren 2015 deltok duoen i MGP med sangen "En godt stekt pizza".

Torunn Todal