Sjøen om vinteren - ein litterær konsert

FB banner Sj├©en om vinteren.jpg

Me ønskjer velkomen til litterær konsert med Sivert Nikolai Nesbø og Erik Andreas Økland på Tya Bakeri fredag 15. mars kl 19:00.

"Sjøen om vinteren" er ein produksjon som er utvikla av Rom for ord med støtte frå Nasjonalbiblioteket. Den litterære konserten byggjer på den tredje og kritikarroste romanen til Sivert Nesbø, ved same namn. I denne førestillinga let Nesbø teksten møte musikken til Erik Andreas Røkland.

– Det er ikkje så vanleg å lese opp lengre strekk frå romanar, i alle høve ikkje saman med musikk, seier Nesbø. Men Røkland sine lydbilete står svært godt til uttrykket i boka. Samstundes utvidar musikken rommet for romanen, gjer det vidare og opnar kanskje for nye måtar å sjå romanhendingane og stemningane på.
Røkland sitt uttrykk er organisk og samansett og byggjer på elektronikk og tangentar, samt gitar.

Boka handlar om tolv år gamle Eli, som gradvis erfarer ei djupare forståing av tilværet. I løpet av nokre månader, frå sommar til sein haust, spelast relasjonen mellom Eli og dei som omgjev henne ut, og i særleg grad forholdet til faren. Sjøen om vinteren er ein roman om den ungdomelege erkjenninga av kor skøyre grensene i livet er, mellom det som er og det som kanskje ikkje lenger kan vere.

Den litterære konserten vert arrangert i samarbeid med Årdal bibliotek.

Tya Bakeri | Kafè stiller med servering.

Torunn Todal