OM TYA BAKERI

Ein mangeårig draum førte til at Linda Borlaug i 2015 starta opp Tya Bakeri AS. I dag er Tya Bakeri | Kafè og Tya Bar eigd av eit lokalt holdingselskap og drive av Inge Njøten.

Inspirator for prosjektet er Morten Schakenda frå Bakeriet i Lom, som har lært oss mykje om godt bakehandverk. Me ønskjer å tilby kundane våre gode, lokalproduserte bakevarer utan kunstig tilsetjing og med bruk av lite gjær.

 

Lang hevetid og bruk av eigen surdeig gir betre smak og god haldbarheit utan bakehjelpemiddel.

Varene sel me i eige utsal i lokala våre i sentrum av Øvre Årdal, men også på Strondi kafè på Årdalstangen og på Vivendi i Lærdal. Me kan også tilby påsmurte snittar, baguettar og vår eigen berømte foccacia.

 

Tya Bar serverer lokalt øl frå Tya Bryggeri og andre småskala bryggeri. I somarsesongen vil me tilby matrettar som passar saman med øl og ølsmaking.